Ultrabirken – «IN UTERO»

Ultrabirken – «IN UTERO»

Dave Grohl sa lenge etter at Nirvana gav ut albumet “In utero” at det fantes ingen lett måte å beskrive musikken i ein tittel. In utero, eller “i magen” som det ufødte barnet er  før det kjem til verda-var ein følelse av forventning og håp. Slik er nok ultrabirken for meg i den jamne kvardag.
Det starta i fjor. Eg oppdaga etter altfor lang tid at eg hadde forvilla meg i mål via feil sti. Det var berre å krumme nakken og beklage, og mitt fyrste ultrabirken-smil kom faktisk ikkje før mandag før rittet i år då eg forsto at sporet eg sykla over Reimsfjell i fjor var med på årets utgave.

Treningsmessig har den siste månaden vore dårlig, eg har økt for økt kjent formen falle saman. Men det har skjedd andre ting: Eg har fått min brud, og eg har aldri forestilt meg at eg skulle gifte meg så lykkelig.
Kl 0430 forlot eg huset Fredag morgon. Det var mørkt og lufta smakt skarpt av tidleg haust. Eg hadde forberedt meg så bra eg kunne, og sykkelen og ein detaljert ernæringsplan var grundig revidert  fleire gonger. Sykkelen er den samme som i fjor. Den var bra i fjor, nokre slitedeler er bytta, men eg følte at hit skulle den være med meg, eg ville ikkje ha nokon andre på ultrabirken. Maten var justert. Eg har tatt litt magnesium tilskudd i forkant, ellers er det basert på kombinasjon av brødmat, salte nøtter og barer. 0,5-0,8 l drikke pr time, På så lange løp er også behovet for mengden proteiner og fett i barane større. Proteinfabrikken sitt store utvalg av barer er glimrande på akkurat dette.

Det hadde regna tett i veka før rittet, og løypa var bløt. Sugande bakkar opp mot Skramstad var tyngre enn nokon sinne, og sjølv relativt enkle små kneiker var vanskelige å spinne seg opp.
Det vart fort ein kvartett i teten. Johannes Reiten hadde kovertert til 29 er i år, og eg såg allerede på den fyrste stien at han sykla langt bedre teknisk enn i fjor. Rune Høydahl hadde deltatt på Norseman etter at han tok bronse i NM, og Jon Kristian Svaland var toastmaster i mitt brylløp før han reiste to veker til høgden i Italia med damelaget i skiskyting og kasta seg på flyet tilbake kvelden før for å sykle ultrabirken. Eg måtte jobbe med å tenke positivt for å ikkje føle meg underlegen i dette feltet. Fort gjekk det også. I starten langt raskare enn eg følte var forsvarlig på eit så langt løp, og intensitetsindikatoren til Jon kristian var fortsatt på lett konversasjon slik at eg forsto uten vanskar at det ikkje var alle som hadde det like tungt som meg.

Uheldigvis punkterte Jonnemann like etter Djuposet. Han gjorde akkurat det samme i fjor, men i år sykla han seg utrulig nok opp igjen til teten. Han var fantastisk sterk! Me passerte Ljøsheim og Natrudstilen og starta på ein lang seig bakke opp mot Sjusjøen. Rune fikk plutselig problemer, kom opp igjen til oss tre, men så datt han av. I den siste kneika fekk me også luke til Reiten. Det var knoll og tott, ute på nye eventyr. Heretter veksla me på å dra. Eg følte kreftene kom tilbake til kroppen. Eg hadde vært så nøyaktig så mulig med mat så langt, og det var snert i pedalane i dei små kneikene. Men det var langt til mål. Og stisyklinga var akkurat starta.

Løypa gjekk på fin sti frå Sjusjøen til Nordseter, så meir knotete sti på nye områder lengre aust for Pellestova enn me hadde sykla før. Bakken var bløt. Det var meir løping enn eg trur løypeleggaren hadde planlagt.
Oppi alt dette starta eg og Jon Kristian å prate. Det berre kom av seg sjølv, me snakka om alt, og vår fantastiske servicemann Øyvind Lindahl fortalte etterpå at han hørte oss leeenge før han såg oss. På eit tidspunkt prata me så mykje at Reiten kom innpå igjen, men me hadde meir å gi og luka åpna seg på nytt. Det var ikkje bare tullprat heller. Jon kristian er sannsynligvis verdens beste idrettspsykolog. Når eg hang med hovudet kom ein kjapp replikk som fikk meg til å tru at det var endelaust med krefter som ein kunne bruke fritt av.
Me lukta begge på styrkeforholdet mellom oss to. Det var stadig små luker mellom oss, den eine litt framfor og deretter litt bak, men i dag var me så like at me hang saman heile vegen. Derfor bestemte me oss ein plass mellom Pellestova og Nordseter at i dag sykla me likt i mål, om me kom oss dit med trygg ledelse og uten uhell.
Og slik enda det heile. Det vart ein ny sykkeltur med Jon Kristian som eg aldri vil gløyme, og me delte seieren på Ultrabirken. Eg kan garantere at me også sykla riktig løype.

Løpsopplegget fungerte perfekt, min Circo Volante 2011 fikk gjort sitt mål i livet og ramma går no tilbake til Hard Rocx som pryd på veggen frå ein takknemmelig syklist. For ein fantastisk følgesvenn den var i fjellet!
Eg valgte å ta med meg resten av Birken helga. Laget hadde ambisjoner for å kjempe i teten på det tradisjonelle Birkebeinerrittet og eg var klar til å bidra. Desverre gjekk det ikkje heilt som det skulle for oss. Greg var uheldig og etter mange helger med god form, kom ein nedtur med dagsformen. ‘Eg kjempa meg inn på ein høvelige plassering, men hadde håpa på det litt bedre. Vårt sterke kort Nina vart også sjuk. Thomas knalla uansett til med klasseseier! Det var ein skikkelig opptur! Kjell, Gøran og Tor Atle sykla bra!

Eg er veldig glad for at eg fekk til det gode løpet Fredag. Det er nytt Birkebeinerritt neste år, og det som ikkje klaffa i år er glemt og ein kan prøve på nytt.

Neste løp no er Skarverittet. Geilo og Bardøla i september, det kan aldri bli feil.

– Tor Halvor –

Copyright © 2010-2018 | Utviklet av: Sveum AS