Rittet etter ein litt tung (både fysisk og værmessig) vår har eg virkelig fått klaff på treninga. Det starta veka før trans-Østerdalen med ei god hardøkt, og har så langt vært ein uavbrutt stigande trend. Eg var fornøgd med det eg hadde då også. Eg trente intervall og følte meg grei på trening, og hadde ikkje formen blitt bedre hadde det ikkje gjort meg så mykje…Men når det fungerer så bra- er det fokus.
Eg har ei gamal testløype som eg har brukt heilt tilbake til 2009. Rekordtida vart satt etter craft mtb 6 dagers, i kanksje mitt livs form. Eg har regna tida som uoppnåelig, men ein artig målestokk på nivået på treningsformen. I fjor var eg aldri i nærheten, men så..veka før Trans-Østerdalen klokka eg meg sjølv inn på ei dårlig 2009 tid. Eg begynte å fokusere.
Norefjell som skulle være mitt møte med norgeseliten før nm vart desverre spolert av kjedekrøll, men eg var også der i bra form. Eg måtte vente til nm før eg fikk prøve meg i eit elitefelt igen trudde eg.
Det var Elin som ville at eg skulle dra til Molde. Antagelig meir irritert over den dårlige uttellinga enn meg, foreslo ho ein weekend i rosenes by og eit ritt i ei av mine favorittløyper. Er det rart eg skal gifte meg med henne?
Som sagt så gjort. Eg starta å strukturere all trening rundt forbedring på sykkel. Eg slutta å trene bare for å få frisk luft etter ein strevsom dag på jobb, og kvilte for å være i form på hardøktene i staden. Eg sykla til og med eit par lange turar. Helga før Molde slo eg faktisk 2009 rekorden min på testløypa.
Gjensynet med laget i Molde var som vanlig artig. Greg som hadde reist over heile landet med fly og Lars Ove som hadde reist like langt i bil. Molde er faktisk det nærmaste nc rittet frå tynset, tru det eller ei.
Rittet var prega av nervøsitet før start. Eg hadde planlagt å sykle med halvgrove dekk, men like før start oppdaga eg og Greg ein stor sprekk i det eine dekket, og resultatet vart eit semislick dekk bak. Tidtakern virka heller ikkje som den skulle, kalde og med nerver i høgspenning starta me 15 minutt etter planlagt.
I likhet med følelsen eg har hatt på trening siste tida åpna rittet optimistisk. Det var frisk kjøring i dei små kneikane ut frå start, det kjentes lett, men ein kan jo ta feil. Planen i dag var enkel: kopi av sist ritt i Molde. Vente, vente og vente og så prøve å henge med eller slå til i dei to siste lange harde bakkane. Rittet forløp utan stor dramatikk. Langing fungerte bra, og både eg , Lars Ove og greg satt med i finalen når me skulle starte på ein kategori du hource (HC) i terrengsykkelsamanheng opp vegen ved alpinannlegget i Molde. Litt opp i bakken roa farten seg, det føltes relativt lett å sitte med, og tidspunktet for eit rykk var plutselig der. Eg klinka til, og drog det eg var mann for, men det skjedde ikkje så mykje med feltet egentlig. Det strakk seg ut, og ein del syklistar fall av. Over toppen var me 4-5 igjen. tre stk hardroxc-proteinfabrikken- slettes ikkje verst!.Neste bakke er heldigvis ikkje like lang som den fyrste, men den er minst like hard. Etter litt nervøs støting i bunn , fikk eg og Karl Fredrik Hagen ei luke.Ikkje noko stor luke, men akkurat så stor at me hadde 15 – 20 sekund då me starta på utforkjøringa ned til Molde igjen. Eg regna med hard kamp på slutten. Sannsynligvis ville feltet samle seg, men så skulle Hagen vise seg som ein serdeles uheldig utforsyklist. Først bomma han på ein sving slik at eg lett smatt forbi, så bomma han også på den neste og punkterte like godt på begge hjula. Eg hadde luke, og eg var aleine.
Det var bare å kikke framover, bite tenna saman og trampe på , og tyne ut den siste watt som evnt skulle finnes igjen i beina. Det viktigaste her var å ikkje kikke seg tilbake. Når du kjører for å holde unna må du gi alt. Å kikke seg tilbake og vurdere ein taktisk overgivelse til pulje to vil gjøre at ein taper alt.
Eg fokuserte på å kjøre maks der det var mulig og safe i den svingete utførkjøringa ned mot mål. Det var lettare sagt enn gjort, ein del svingar vart det bom, men eg kikka meg aldri tilbake, jobba for å vinne, og derfor trur eg også at eg vant.
Første nc seier sidan 2009 var eit faktum, og ein viktig seire ettersom at både Lars Ove og Greg fikk tekniske problemer. Det gjorde heldigvis ikkje Nina. Eg synes det er rått at laget vinner dobbelt, og ekstra stas å få være med på det med ein seier. Etter dette er eg naturligvis superoptimistisk før NM i Birkeland. Ikkje det at eg forventer å vinne eller havne på pallen, men eg trur at eg kan være med der det skjer, iallefall ei god stund. For meg er det god nok grunn til å glede seg.
Eg har også beholdt fokuset så godt som mulig på treninga. Eg har fått trent dei øktene eg har følt har vore riktige, og eg har overlevd ei hard veke på jobb med to døgn med vakt i tillegg til den vanlige arbeidet på dagtid. Kjem eg meg til Birkeland og får sykla ritt i kort /kort er eg meir enn fornøgd med sykkelsesongen i år. Det er tre veker igjen til brylløpet vårt, eg må nesten tenke litt på det også:-)
Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng
